Flere stemmer, lavere oppslutning

Flere stemmer, lavere oppslutning

Selv med 18 prosent flere stemmer gikk deltakelsen ved årets sametingsvalg ned med 1,7 prosentpoeng.

Les mer om valgdeltakelsen i denne artikkelen fra Statistisk sentralbyrå:

Totalt nytta 13 834 røysteretten ved sametingsvalet. Det er 2 080 fleire røyster enn ved valet i 2017. Men valdeltakinga gjekk likevel ned med 1,7 prosentpoeng til 68,6 prosent. Nedgangen i valdeltakinga var størst i Østre valkrins (nesten 3 prosentpoeng). Østre valkrins har likevel, saman med dei andre valkrinsane i nord, den høgaste deltakinga.

Størst deltaking var det i Ávjovári valkrins der over 77 prosent av dei røysteføre stemte. Sør-Noreg valkrins hadde den lågaste deltakinga ved valet.

Samla for heile valet var valdeltakinga ned 1,7 prosentpoeng frå førre val. Sametingsvalet vart gjennomført samstundes som stortingsvalet. Til samanlikning var deltakinga ved stortingsvalet på landbasis i overkant av 77 prosent.

Stadig fleire førehandsrøyster

Ved årets val vart 2 av 3 røyster gjevne på førehand. Det er heile 17 prosentpoeng høgare enn ved førre val. Sidan valet i 2009 er delen av røystene som er gjevne på valtinget nesten blitt halvert frå 60 prosent til 34. Det var en oppgang i andelen førehandsrøyster i alle valkrinsar og alle valkrinsar hadde no over 50 prosent førehandsrøyster.

 

Kjelde:
Sametingsvalet, Statistisk sentralbyrå.

Også ved stortingsvalet har det vorte fleire som røystar på førehand, der 58 prosent av dei røysteføre stemte på førehand. Ein må tru at koronapandemien har påverka kor mange som røysta førehandsrøystinga i 2021 for begge vala.

50 prosent fleir med røysterett i Sør-Norge valkrins

Vel 20 500 personar hadde røysterett ved årets val. Dette var 21 prosent fleire enn ved valet i 2017. Auken varierer stort mellom valkrinsane. Medan auken i Ávjovári valkrins var på under 1 prosent var det nesten 50 prosent fleire med røysterett i Sør-Noreg valkrins samanlikna med førre valet. I 2009 var 13,4 prosent av alle med røysterett busette i Sør-Noreg valkrins. Til valet i 2021 var andelen auka til 20,8 prosent. Med det vart Sør-Noreg valkrins den valkrinsen ved årets val som hadde flest personar med røysterett. Sør-Noreg valkrins var likevel krinsen med den lågaste deltakinga ved valet.

Færre kvinner valde inn

Fordelinga mellom menn og kvinner på Sametinget har i mange år vore så jamn som mogleg. Etter vala i 2005, 2009 og 2013 var det berre ein representant overvekt til eit av kjønna. Ved valet i 2017 vart det valt inn fem fleire menn enn kvinner medan det ved årets val blei seks fleire menn. Kvinner utgjer no 41 prosent av alle representantane og det er minst 33 prosent kvinnelege representantar frå alle valkrinsar. Av Nordkalottfolket sine representantar er 5 av 9 kvinner. For Arbeiderpartiet derimot, som for nokre val sidan hadde ein jamn fordeling mellom kjønna, er no berre 1 av totalt 7 representantar kvinner.

 

Kjelde:
Sametingsvalet, Statistisk sentralbyrå.

Nordkalottfolket fekk flest nye mandat

Nordkalottfolket tredobla sin representasjon på Sametinget med ei auke frå 3 til 9. Om ein ser bort i frå Sørsamisk valkrins fekk dei også valt inn representantar frå alle valkrinsane.

Norske Samers Riksforbund (NSR) har framleis flest representantar i Sametinget. Ved årets val fekk dei vald inn totalt 17 representantar, ein meir enn i 2017. Men ei av årsakene til auken var nok at NSR fekk inn to representantar frå Østre valkrins, ein valkrins dei ved førre valet ikkje hadde eiga liste, men i staden hadde fellesliste med Samefolkets parti.

Ávjovári Johttisápmelaccaid Listu vert ei ny liste med representasjon på Sametinget. Dei fekk eit mandat frå Ávjovári valkrins. Samstundes var det 6 parti/vallister som ikkje lenger har mandat på Sametinget. Av dei registrerte rikspartia vil Høgre no ikkje lenger vere representert i Sametinget.

Store forskjellar i røyster per mandat

I gjennomsnitt var det 355 røyster bak kvart mandat, men dette varierte mykje frå 244 røyster per mandat i Sørsamisk valkrins, til 430 i Sør-Noreg valkrins. Dette heng saman med storleiken på valkrinsen og valdeltakinga, der en stor krins med god valdeltaking krev mange røyster for å få ein representant, samanlikna med ein liten krins med lågare valdeltaking.