Rensenn i Vestre Slidre

På Rensenn i Vestre Slidre kommune i Valdres finst eldgamle kulturminne i terrenget. Det er skilt og rasteplass ved Rensennvatnet. Dette var en samisk boplass for tusen år siden. 

I nordenden av Rensennvatnet finst spor frå ulike tidsperiodar. Her finn vi ein stor skålgropstein, det vil seie at steinen har små, innhogne groper på toppen. Desse vart truleg fylte med blod eller andre offergåver. Skålgropene er sannsynlegvis frå bronsealderen. 

På same stad finst det to runde gammetufter. Ein gamme er ein samisk bustad som vi kjenner godt frå område lenger nord. Det budde altså samar ved Rensenn på slutten av vikingtida. I 2009 grov arkeologar ut den eine gammetufta. Under utgravinga vart det funne eit spinnehjul. Vi veit derfor at dei spann garn av saueull for å lage klede. Det vart også funne garnsøkke, som vart brukte til garnfiske i Rensennvatnet nedanfor her. Heile rapporten frå utgravinga finn du nedst på denne sida.

På Rensenn er det mange kulturminne etter jernutvinning. Under arkeologisk utgraving vart restar etter ei smie funnen på same stad som gammetufta ligg. Det kan tyde på at samane som budde her, dreiv jernproduksjon, slik vi kjenner til frå andre sørsamiske område.

Ved Rensenn er det mange kokegroper frå jernalderen. Desse vart brukte til å stelle i stand kjøtt og fisk.  Du kan sjå dei som små groper i bakken.

Les arkeologisk utgravningsrapport fra 2009, Vestre Slidre (PDF, 2 MB)

Livet på stølen

Stølane har i mange hundreår vore svært viktige for landbruket i Slidrebygdene, og kulturlandskapet i fjellet ber sterkt preg av dette. 

Rensenn er eit stølslag der åtte gardar i Vestre Slidre har støl. Det var vanleg å flytte på stølen rundt jonsok, og heimatt ein gong mellom sist i august og først i september. Stølsdrifta her i fjellet er truleg like gamal som gardane, og slik ein no tolkar arkeologiske funn, har den eksistert sidan bronsealderen. 

No er det att berre ein støl med mjølkeproduksjon på Rensenn, men dei andre stølsjorda vert framleis nytta til beite og vinterfór. 

Les meir i boka Stølsliv i Vestre Slidre, Hauge og Rolandsgard 2018