Lanserer kartlegginga av arbeid med samisk kunst og kultur

Sametinget, Kulturdirektoratet og Samerådet inviterer heile kultursektoren til lansering av rapport og diskusjon om korleis det arbeids med samisk kunst og kultur blant verksemder i Noreg i dag.

Dato
19. april 2024
Tid
13:00 - 15:00
Sted
Digitála/Digitalt

Rapporten frå sannings- og forsoningskommisjonen understrekar at kunst- og kulturverksemder har ei viktig rolle i forsoningsarbeidet. Men det har vore lite kunnskap om korleis verksemdene arbeider med samisk kunst og kultur i dag. Kva kompetanse finst, og kva er moglegheiter og hindringar for samarbeid? 264 verksemder har svart på undersøkinga, og no er resultata klare. Denne kartlegginga gir eit augneblinksbilete og grunnlag for vidare kunnskap og arbeid.   

Arrangementet blir strøymt over heile landet frå biblioteket i Sametinget i Karasjok. Det blir tolka mellom norsk og nordsamisk. Det er nokre fysiske plassar tilgjengeleg i Karasjok.   

Arrangementet er gratis, men du må melde deg på til digitalt eller fysisk nærvær. Frist for påmelding til fysisk deltaking er 10. april. Skjemaet er ope for påmelding til digital deltaking fram til 19. april kl. 12:00.  

Velkommen! 

Meld deg på her

Les meir om bakgrunnen for kartlegginga og alle spørsmåla verksemdene svarte på her

Program 

  • Velkommen frå møteleiar Maria Utsi 
  • Presentasjon av rapporten, v/Proba samfunnsanalyse 
  • Panelsamtale om innsikta og vegen vidare
    • Kulturdirektoratet, v/Kristin Danielsen 
    • Sametinget v/Runar Myrnes Balto
    • Samerådet, v/Åsa Larsson Blind
  • Kunstnerisk innlegg
  • Panelsamtale med verksemder
    • Dáiddadállu v/Dine Fenger Lynge
    • Beaivváš, v/Per Idar Ananiassen 
    • Music Norway, v/Helene Dolva Broch
    • KODE v/Irene Snarby