Lucie i Smådalen

Lokaliteten ligger i Vang kommune i Valdres. Her formidles historien om Lucie Mortensdatter Kant.

Lucie Mortensdatter Kant

Lucie var født i Rørosfjellene i 1857. Der var forholdene for reindriftssamene vanskelige. Mange ble utestengt fra sine gamle beiteområder. I flere kommuner ble det forbudt å ha rein på beite. For å overleve søkte mange samer seg ut på annet arbeid, for eksempel i gruver og på anlegg. Noen tok seg jobb som reingjetere i norske tamreinlag. En av disse var Lars Jonasson Myrås. Lars og kona Lucie kom derfor flyttende til Vang i 1891.

Lucie Mortensdatter Kant med Jonas i komsa Roland Bonaparte. Fargelagt av Per Ivar Somby. Rettighetshaver: Sametinget.
Lars Jonassen Myrås, Lucies ektemann Roland Bonaparte. Fargelagt av Per Ivar Somby. Rettighetshaver: Sametinget.

Livet i Vang

Ekteparet bosatte seg langt til fjells i et lite tømmerhus i Smådalen. De flyttet mellom Smådalen og Rørostraktene, hvor de fremdeles hadde en egen liten reinflokk. Paret fikk mange barn, to av dem ble født i Vang. En gang mellom 1901 og 1904 blir Lars borte, og ingen vet om han hva som skjedde med ham. Lucie blir boende alene med sine tre gjenlevende barn. I de neste årene mister hun også dem. De er gravlagt på Vang kirkegård. Siste del av livet bodde Lucie nede i bygda. Hun var fattig og alene, og måtte bo rundt på gårdene hos folk. Hun døde i 1944, 87 år gammel. 

To søstre med tunge lagnader i sørsamisk område

Midt på 1800-talet vart reindrifta i det rørossamiske området utsett for press og utarming frå det norske samfunnet. Fattigdommen som følgde, kom av at reindriftssamane tapte landområda sine til bøndene. Mange samar vart dømde til store bøter for å bruke dei tradisjonelle beiteområda. Fleire familiar vart ruinerte, og mange måtte søkje seg levebrød andre stader. To av dei som reiste ut, var systrene Lucie og Sofie. Lucie hamna i Valdres, og Sofie drog til Orkdal. Dei to systrene skulle på kvar sin stad få liknande lagnader.

Lucie

Lucie fekk som ung eit barn før ho var gift. Barnet døydde som baby. Ho gifta seg fire år seinare med Lars Jonassen Myrås.

I 1889 drog ekteparet saman med fleire andre sørsamar til Verdsutstillinga i Paris. Dei hadde med seg sonen Jonas, som var under eitt år og låg i komse. Den eldste sonen, Morten, som var ca. tre år, var ikkje med til Paris.

Frå verdsutstillinga i Paris i 1889. Samar, og andre som vart rekna som primitive, vart stilte ut i dyrehagar og parkar. Fleire sørsamiske familiar deltok i Paris. Paret til venstre i biletet, med vesle Jonas i komsa, er Lucie og Lars. Fotoet er teke eit par år før dei kom til Vang. Roland Bonaparte. Fargelagt av Per Ivar Somby. Rettighetshaver: Sametinget.

Til Vang

I mai året etter fekk ekteparet ein son som dei kalla Nils. Han levde berre eit års tid, og døydde i mai 1892. Like etter dødsfallet til vesle Nils fekk Lars arbeid som reingjetar i Vang og Øye reinselskap, og familien flytte då til Vang i Valdres. I åra som følgde, oppheldt familien seg delvis i Vang og delvis i Røros-traktene. Ei stund hadde dei ein liten flokk rein i heimtraktene sine, men dei gjekk etter kvart tapt. Lucie og Lars fekk fire barn til, men to av dei døydde før eitt år var gått. Alt tyder på at dei oppheldt seg mykje i Røros-traktene nokre år på slutten av hundreåret. I 1898 arbeidde Lars i Arvedals gruve, og den siste sonen, Nils Zacharias, vart fødd i Ålen i 1899 og vart gravlagd på Røros. Same år vart familien utvist frå Ålen. Kommunar hadde fått mandat til å forby reindrift, og etter eit innvikla regelverk kunne dei nekte å gi støtte til fattige samefamiliar. Året etter rammar nok ein tragedie: Den eldste sonen Morten frys i hel i ein snøstorm.

Etter utvisinga frå Ålen vart Lucie og dei tre attlevande barna frakta tilbake til Vang kommune, som påtok seg å støtte familien. Det siste vi veit om Lars, er at han deltok i den store gruvestreiken på Røros i 1901. Etter dette lét han ikkje høyre frå seg, og ingen veit kvar han vart av. Dei neste åra mista Lucie dei tre barna ho hadde igjen, det siste i 1910. Lucie var då 53 år gammal og flytte ned til bygda. Ho levde dei siste tretti åra av livet sitt på legd på gardane i Vang.

Sofie 

Komagband vevd av Sofie Mortensdatter, Lucies søster

Lucies syster Sofie var 13 år eldre. Også ho skulle oppleve mykje sorg. Ho gifta seg 4. juli 1875 med Jonas Nilsen. Dei to flytte mykje rundt med reinflokken sin og heldt seg mykje i Orkdals-området. Dei hadde ei stue på Finnbuenget, der dei budde mange somrar. Vinterstid tok dei losji på gardar. Både Jonas og Sofie dreiv med husflid, som dei selde. I tillegg var Jonas ein verdsett bjørnejeger. Når det kom skadebjørn til distriktet, vart det sendt bod etter Jonas.

Sofie og Jonas fekk seks barn: Nils, fødd 1880 på Åsen på Geitastrand, død same år. To år etter vart Anne Marie fødd på Bakken på Geitastrand, død som tenestejente på Rislihaug i Orkdal i 1906. Med cirka to års mellomrom vart dei neste fire fødde: Bernt, Morten, Margreth og Jonas. Med unntak av Morten døydde dei alle svært unge. Morten var den einaste som overlevde foreldra. Han døydde 34 år gammal, som pasient på Orkdal sykehjem.

Les mer om Sofie og Jonas i en artikkel om Finnbuenget

Felles skjebne

Både Lucie og Sofie fekk mange barn, men mista alle. Sjølv om det var vanleg på den tida at barn døydde, må det ha vore tungt å bere at heile ungeflokken gjekk bort, og at slekta ikkje vart vidareført.

Noko av smerta dei bar, kan kanskje reflekterast i diktet «Mitt land» av Paulus Utsi:

Farvel mitt land
Stiene har blitt smale
Motvillig med tunge steg
tvinges jeg til å forlate hjemmet
I mitt milde varme moders mål
har fremmede ord slått rot

Bli i minnet boplass
barndommens lekeplasser
Klangen fra bjellene på fars tamokser
gir gjenlyd dypt inne i meg
Innvokst er reinsmerket på netthinnen
I hjertet følelsen

Jeg vil minnes fars vandringsstav
Senn [snøre], rep og redskapsveske
I minnet går flyttingen med raid [reinslede]
Ved den lille bekken finnes min
reinsbukks halve kløv
Ferden går i kløvsadel gjennom dalen

Slipp ikke det liv du har arvet
Hold det fast med hele ditt jeg

Retten til det landet du har mistet

Lucie i bygda

Etter at Lucie flyttet ned til bygda, bodde hun flere år på Aastad. Hun hadde sitt eget rom og stelte og kokte sjøl. Hun gikk ofte turer i bygda, og var mye hos Inga og Kristoffer Kvame. Der var hun alltid velkommen og fikk mat.

Noe før 1930 måtte Lucie flytte fra Aastad, siden familien ventet forøkelse og trengte plassen sjøl. Lucie flyttet da til Flaten, og senere til Bø Oppigarden.

Det fortelles at Lucie alltid gikk i sameklær. Hun var kjent for å ha godt humør, men hadde også temperament om hun ble terget. På kirkesøndagene i Vang ble hun beundret for sin fargerike samekofte.

I bygda var det en kjøpmann som het H.T. Ellingbø. Han solgte store, rå kaffebønner som han kalte Lussi-kaffe, oppkalt opp etter Lucie.

Lucie røykte pipe, noe som var uvanlig blant kvinnene i Vang. På føttene hadde hun fet-sko (komager) uten såle, pynta med band.